Om Norddalsfjord

Norddalsfjord er ei flott bygd i Flora Kommune. Bygda strekker seg langs Nordalsfjorden frå Klauvene i Vest til Grøndalen i aust.

Om Norddalsfjord

Norddalsfjord er ei flott bygd i Flora Kommune. Bygda strekker seg langs Nordalsfjorden frå Klauvene i Vest til Grøndalen i aust.

Norddalsfjord ligg i himmelretninga aust-vest. Lengst vest ligg Klauvene, deretter følgjer Haukå, Nordal, Solheim, Midtbø og Sundal før ein kjem til Grøndalen lengst aust. Dette er ei strekning på 30 km. Frå Norddalsfjord er det omlag 30 minutt med bil til Florø sentrum, 40 minutt til Svelgen og 45 minutt til Førde.

Det er to fjordar i Noreg som heiter Norddalsfjord, ein på Sunnmøre og vår fjord i nærleiken av Florø. Sjølv om dalen frå gamalt av heitte Nordal nyttar ein no namnet Norddalsfjord om både fjorden og bygda. Lokalhistorikar Bjarte Sindre seier det kan vere to opphav til namnet Nordal. På gammalnorsk er substantivet nór som tyder trongt sund eller farvatn. Meininga blir då dalen opp frå den tronge innseglinga til fjordbotnen. Men namnet kan like gjerne kan det komme av adjektivet nǫrr som tyder trong. Namnet blir då den tronge dalen, seier Sindre.

Kart over Flora kommune

Her bur omlag 180 personar i alle aldrar. Vi har kommunal skule og barnehage på Solheim. Skulebygget er òg samlingspunkt for det meste av aktiviteten i bygda. Her er mange aktive lag og organisasjonar. Idrettslaget har eige idrettsanlegg med grasbane og klubbhus, skyttarlaget har eiga skytebane og ungdomslaget har sitt eige rom i skulebygget.

Midtbø vestover

Kunsten å leve sitt eige liv!

Solheimsvassdraget strekkjer seg gjennom bygda og byr på både laksefiske og ferskvassfiske. I fjorden er det også rikelig med fiskemogelegheitar. Det er ein kort båttur frå Norddalfjord til Florø og øyane utanfor. Det er mange fotturar i skog og mark å velgje mellom, både familievennlege turar og meir krevjande turar med Ålfotbreen i enden. Ålfotbreen er den den vestlegaste breen i landet, og Grøndalen er eit godt utgangspunkt om ein vil gå på breen.

Dalen har rike tradisjonar for hjortejakt og det blir felt ca 185 dyr kvart år. Jaktfelta i bygda er organiserte i Norddalsfjord Storvald. Utanom hjortejakt er her også mogelegheiter for fuglejakt.

Følg Norddalsfjord på Facebook, bli med i gruppa "Vener av Norddalsfjorden"!

Solheim skule og barnehage

Skulen

Solheim skule og barnehage ligg omtrent midt i bygda. Den vart bygd i 1980 og er ein velholdt skulebygning. Uteområdet er stort og variert med ballbinge, båt, grillhytte, skaterampe, skogsområde og ein tradisjonell leikeplass.

Solheim Skule og Barnehage

Skulen i Norddalsfjord er ein liten skule med elevar frå 1-7 klasse. Skulen er fådelt slik at fleire årstrinn får undervisning saman. Elevane er delte opp i to hovudgrupper, 1-4 trinn og 5-7 trinn. I samarbeid med foreldra har ein valgt å ha lengre skuledagar mot at elevane frå 1-4 klasse har ein fridag i veka.

I enkelte fag vil alle elevane ha undervisning saman. Denne aldersblandinga trur vi vil utvikle den sosiale og faglege kompetansen til barna. Er du usikker på om du ønskjer at barna dine skal gå på ein fådelt skule? I følgje utdanningsforbundet gir mindre klassar større mogelegheit for meir individuelt tilpassa opplæring, eit meir variert undervisningsopplegg, betre klasseromskontroll og meir tid for læraren til å vudere eleven sitt læringsarbeid og til å planlegge undervisninga.

Postadresse: Norddalsfjord 6910 FLORØ Tlf: 57 74 83 00 E-post: [email protected] Heimeside: www.floraskulen.no/solheim Rektor: Helene Mettenes Zachariasen

Barnehagen

Barnehagen er ein kommunal barnehage med barn frå 0 – 6 år, der barna går i ei blanda gruppe. Trine Refsnes Midtbø er pedagogisk leiar. Opningstid: 07:00 – 16:30. På nettsidene til Flora kommune finn du informasjon om gebyr og fridagar. Her kan du også søkje barnehageplass.

SFO

Barna har mogelegheit til å vere i SFO i barnehagen si opningstid. SFO vil då fungere som ei samordning med barnehagen.

Næringsliv

Norddalsfjord er ei velstelt jordbruksbygd. Her er også fleire minikraftverk og to settefiskanlegg. Mange pendlar til dei næraste tettstadane for arbeid.

Jordbruk

Norddalsfjord Bondelag er eit av tre lag i Flora kommune. Våre gardar driv for det meste med mjølkeproduksjon og produksjon av sauekjøt og svinekjøt. Fleire av gardane har blitt påbygde og oppgraderte med nye driftsbygningar i den seinare tid. I Norddalsfjord er det omtrent 15 gardsbruk som er i drift.

Slått

Marine Harvest avdeling Haukå

I Haukå ligg eit av Marine Harvest Norway AS sine smolt og yngelanlegg. Marine Harvest Norway har anlegg langs heile norskekysten fra Agder til Nordland og driv i heile verdikjeda frå stamfisk, rogn, matfisk, foredling og distribusjon til sal. Marine Harvest er Noregs største oppdrettsselskap med 25 prosent av den totale lakeproduksjonen i landet og hovudkontoret ligg i Bergen. Anlegget i Haukå vart starta tidleg på 1980-talet. Der er produksjon av både smolt og yngel som blir levert til Marine Harvest sine anlegg rundt om i Noreg, samt ein del til eksterne anlegg.

Marine Harevest Haukå

Firda Settefisk

I 1986 starta Ola Braanaas eit smoltanlegg på Nordal i Norddalsfjord og kalla dette Firda settefisk. I 1993 kjøpte han Botnane Fiskeoppdrett, og dette vart byrjinga på Firda gruppen som etterkvart har vokst seg til eit stort selskap med omtrent 90 tilsette. Med hovudkontor på Byrkesøy eksporterer Firda Seafood laks og aure på verdsbasis. Anlegget på Nordal har omlag 20 tilsette og produserer framleis smolt og yngel av både laks og aure. Denne blir levert til interne og eksterne anlegg rundt om i landet.

Firda Settefisk

Hogg og Belegg AS

Selskapet vart oppretta i 2006 av Sigbjørn Solheim og Stig Asle Midtbø. Det er eit selskap som driv med leigekøyring med traktor som snørydding, kantslått, felling og rydding av skog.

Jarl Solheim Transport

Dette er eit enkeltmannsforetak som vart stifta i 1991 og er registrert under bransjen transport og tek oppdrag som vegbyggjing, planering og opparbeiding av ulike tomter og snøbrøyting av vegar.

Norddalsfjordbrua

I 1987 stod Norddalsfjordbrua ferdig som siste biten i vegsambandet mellom Flora og Bremanger. Arbeidet tok til 1. august 1985 og brua var ferdig til 30. januar 1987. Brua er 404m lang og 8m brei, med 2m fortau. Bruspennet er på 230,5m, det lengste av denne typen i Europa då brua vart opna. Ferja over Norddalsfjorden mellom Haukå og Bjørnset kunne innstillast etter over 21 års drift.

Heilt sidan vegen over Magnhildskaret stod ferdig i 1965 hadde det vore ein føresetnad med bru over Norddalsfjord. Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i 1975 å byggje brua. Eit vegprosjekt som låg i hard tevling med Norddalsfjordbrua var Dalsfjordbrua. I oktober 1980 vart det sendt utsendingar til Stortinget for å arbeide for løyvingar til Norddalsfjordbrua, og til støtte for desse vart det arrangert streikeaksjon der omlag 600 personar frå Svelgen og 100 personar frå Norddalsfjord deltok. Saka enda med at Dalsfjordbrua vart lagt til sides, medan Norddalsfjordbrua vann fram.