Ledige tomter

Har du drøymt om "det gode liv" på landet? Å bu i naturen og sjå årstidene skifte mellom fjell og fjord? Drive med jakt og fiske...

Bygg hus i Norddalsfjord!

Har du drøymt om "det gode liv" på landet? Å bu i naturen og sjå årstidene skifte mellom fjell og fjord? Drive med jakt og fiske året rundt, gå på ski og skøyter om vinteren eller plukke bær om hausten. Å sleppe å bu tett i tett i overprisa rekkehus der naboen sin grasklippar overdøyver fuglesongen?

Dersom ein vel å bygge hus i Norddalsjord vil mange av desse drøymane bli realiserte. Her er ein fantastisk natur med mange fiskevatn, sjø, skog og fjell. Landlig tomt med utsikt treng ikkje koste skjorta! Samtidig er det kun ein liten køyretur til Florø, Førde eller Svelgen. Den beste arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane er innanfor rekkevidde! Frå Norddalsfjord er det omtrent 20-35 minutt å køyre til Florø, 45 minutt til Svelgen og 40-50 minutt til Førde. Her har du moglegheit til å skaffe deg rimeleg tomt i Flora Kommune.

I Norddalsfjord er det eit aktivt miljø med stor dugnadsånd og gode mogelegheiter for å engasjere seg. Vi har barnehage og barneskule i bygda og ulike fritidsaktivitetar. Vi har eit sosialt lokalmiljø prega av samhald og positivitet.

I det siste har fleire familiar flytta til bygda og nokre har valgt å bygge hus. Likevel er det framleis ledige tomtar for bolighus. Har du spørsmål om tomt i Norddalsjord? Ta kontakt med grendelaget! Dei kan svare på spørsmål, ordne ei uforpliktande synfaring eller setje deg i kontakt med grunneigarar.

placeholder

Kartet viser nokre av dei områda i Norddalsfjord som kan brukast til boligformål. Områda har varierande storleik og er ulikt regulerte. Strømsneskrysset

Strømsneskrysset

Innanfor Strømsneskrysset ligg det mange fine bustadtomter. Dette er ytterst i Norddalsjord, på Nordalen. Det er fin utsikt til sjøen og fjella og det er sol nesten heile året. Området er sørvendt, men forholdsvis flatt med glissen skog og litt myr og fjell i dagen. Skulen og grendahuset ligg 10 km unna og gir rett til gratis skuleskyss.

Strømsneskrysset

Det er eit stille og fredeleg område. For dei som likar natur er det mange fine turmogelegheiter i nærleiken. Det er omtrent ein halv time å gå til Likkjevatnet og eit par timer meir til Haukåbøra. Frå tomteområdet tek det omtrent 10 minutt å gå til Strømsneskrysset, der det er bussforbindelse med Florø, Førde og Svelgen. Avstand med bil er 20 minutt til Florø, 30 minutt til Svelgen og 35 minutt til Førde.

Området er regulert til boligformål, med hustomter nærast vegen og fritidsbustadar nærast sjøen. Grunneigar for dette området er Magnar Nordal. Sjå nettsidene til Flora Kommune for meir detaljar. Verker dette interessant? Ta ein uforpliktande prat med grendelaget!

Tomtar i Rabben

Rabben sett fra Tjofjell Ikkje langt frå tomteområdet ved Strømsneskrysset ligg Rabben. Rabben er eit flott område som ligg på eit nes like før den gamle fergekaia i Norddalsfjord. Området er aust- og sørvendt og ligg i le for nordavind og for det meste vestavind. På sommaren har området sol frå soloppgang til omtrent kl 20 på kvelden. Kun 5 minutt gange til badeplass med stupebrett og grill.

Rabben

I 2015 vart det bygd to nye bustadhus her. Ei tredje tomt er skilt ut og solgt, og det er gode mogelegheiter for at fleire tomtar kan skiljast ut. Det er laga privat veg inn til tomtegrensene, leikeplass og eit felles busskur ved hovudvegen. Med nydeleg utsikt og nærleik til fjorden ligg alt til rette for eit triveleg område. Kun 20 minutt å køyre til Florø. Solheim Skule og Barnehage ligg omtrent 10 minutt unna med bil, noko som gir rett til gratis skuleskyss. Er du interessert? Ta kontakt med grendelaget så kan synfaring og kontaktar ordnast.

Myrane

Lenger inn i bygda, på Solheim, ligg Myrane. På eit lite høgdedrag nord for Myrane og Fylkesvegen ligg eit flott område som høver godt til å bygge bustader. Området er sørvendt, men forholdsvis flatt med glissen skog og litt myr og fjell i dagen.

Myrane

Skulen og grendahuset ligg berre 1 km unna. På nokre få minutt kan du gå til Solheimsvatnet, og fleire turvegar går rett forbi. Sjølv om du bur usjenert på Myrane er det likevel ikkje langt til gode naboar. Er du interessert? Ta kontakt med grendelaget så kan synfaring og kontaktar ordnast.

Moane

På nordsida av idrettsbana på Midtbø ligg eit område som eignar seg godt til å husbygging. Området er sørvendt og er forholdsvis flatt. Fin utsikt utover i bygda. Det er allereie ein del bustadar i nærleiken. Skulen og grendahuset ligg berre 3 km unna. På nokre få minutt kan du gå til Midtbøvatnet. Ein kan fiske i elva som går mellom vatna. Vil du gå på tur med fiskestanga går den gamle grendavegen rett forbi til Sundalsvatnet. Næraste nabo vert idrettshuset og fotballbana, med dei aktiviteter der kan vere. Er du interessert? Ta kontakt med grendelaget så kan synfaring og kontaktar ordnast.

Moane