Heimhug Ungdomslag

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 14 000 medlemmer i Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar. Heimhug Ungdomslag er eit av omlag 400 lokallag under Noregs Ungdomslag.

Heimhug Ungdomslag arrangerer kvar fredag samling for ungdommar i Norddalsfjord. Desse samlingane kallar vi «Ungdomsgruppa». Laget har eit eige rom i skulebygget som er innreidd med mogelegheit for å vise film og spele biljard. Dette er ein særs viktig samlingsarena for ungdommane i bygda og fører til at ungdommen er ein samansveisa gjeng på tvers av alder, kjønn og interesser. Gruppa har fått ei viktigare rolle i lokalmiljøet etter at ungdomsskulen vart flytta til Florø hausten 2009.

Heimhug Ungdomslag arrangerer også bygdedans fleire gonger i året i skulebygget. Påskedans vert arrangert skjærtorsdag og nyttårsdans er den 30. desember. Laget arrangerer sommardans i samband med den årlege sommarfesten i Norddalsfjord. Dersom det er mange nok påmeldingar har laget også arrangert julebord i slutten av november. Då vert det servert julemiddag og etter måltidet er det dans.

På bygdedans er musikken variert då ein leiger inn ulike musikkgrupper, men det er som regel fengande dansemusikk med innslag av slagerar frå 60- og 70-talet. Noko av det som kjenneteiknar bygdedansane er at det kjem folk i alle aldrar. Nedre aldersgrense er det året ein konfirmerer seg, og det er inga øvre aldersgrense. Tidlegare var dette alkoholfrie arrangement, men dei seinare åra har det vore søkt om skjenkeløyve og har vore sal av alkohol i kiosken.

Tradisjonelt sett har ungdomslaget ein rik tradisjon for folkeleg teater. Enten nyttar ein sjølvskrivne tekstar eller kjende sketsjar. Ein lagar kostyme og kulissar sjølv. Teateraktiviteten i laget har variert, men har i dei siste åra ikkje vore prioritert.

Nordal Sokneråd

Nordal kyrkje vart bygd i 1898 og arkitekt for kyrkja var Jacob Wilhelm Nordan. Kyrkja er soknekyrkje i Nordal sokn, som vart oppretta i 1998. Vi har omlag 11–12 gudstenester i året. I dette talet er også friluftsgudsteneste i august og lysmesse med julegrantenning i desember. Om kvelden 2. juledag arrangerer vi«Andagsfesten», som er ein tradisjonell juletrefest. På våren arrangerer vi også korkafé i samarbeid med Norddalsfjord Sanitetslag.

Soknerådet har 4 faste medlemmar som er valde for 4 år. Av desse er 2 også representantar iKinn kyrkjelege fellesråd.

Hovudoppgåvene til soknerådet er å leggje til rette for kyrkjeleg undervisning, planleggje og gjennomføre ulike arrangement i regi av kyrkja, setje opp offerliste, vere kyrkjevert og frivillig tekstlesar under gudstenestene og arrangere kyrkjekaffi ved enkelte gudstenester.

Norddalsfjord Bondelag

Norddalsfjord Bondelag er eit av tre bondelag i kommunen. Gardane i bygda driv for det meste med mjølkeproduksjon og produksjon av sauekjøt og svinekjøt.

Norddalsfjord Grendelag

Norddalsfjord Grendelag er ein organisasjon som skal jobbe for å fremje interessene til bygda. Laget har eit styre med 6 medlemmar: leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og to styremedlemmar.

Føremålet med grendelaget er:

  1. Laget skal arbeide på tvers av partipolitiske skilnadar og medverke til positiv og målretta utvikling av bygda.
  2. Laget skal ta opp saker av allmenn interesse og saker som gjeld bygdas vel. Laget skal fremje interessene til bygda og drive bygdeutvikling.
  3. Laget skal opptre sakleg og ansvarleg og føre ein god dialog opp mot myndigheiter.

Ta gjerne kontakt med grendelaget dersom du har spørsmål eller innspel.

Norddalsfjord Grunneigarlag

Norddalsfjord Grunneigarlag vart skipa i 1996. Laget vart skipa for å samordne felles interesser blant grunneigarane. Hovudoppgåva er å organisere fiskekortutleige for vatna i Norddalsfjord. Laget driv også med kultivering av vassdraga, for å gjere kvaliteten på fisken betre.

Det er 33 vatn som er knytte til ordninga med fiskekort. I vatna er det forskjellig kvalitet og storleik på fisken, men han er for det meste bra. Fisken i vatna er for det meste aure, men det finst nokre få vatn med røye også.

Etter kjøp av fiskekort kan ein fiske i alle vatna. Det er kun sett restriksjonar for fiske frå innmark. Det skal avtalast med grunneigar om ein ønskjer å fiske langs innmark. Det er også mogelegheit for leige av båt. Kvar det er båtar, får ein opplyst om der dei sel fiskekort. Det er påbode med redningsvest. Laget har redningsvestar til leige. Det er også mogeleg å fiske med garn.

Garnfisket skal kun utførast med laget sine garn. Årsaka er at ein ønskjer kontroll med dette fisket. Sjå fiskesida for informasjon om fiskekort og prisar.

Elvane Nordalselva, Gruvleelva og Lakselva er ikkje med i denne fiskekortordninga. For desse elvane er det eigne kort og utleigeordningar.

Norddalsfjord Idrettslag

Norddalsfjord Idrettslag (NIL) vart skipa 10.03.1938. Då laget vart starta var det fotball, ski og etter kvart friidrett som stod i fokus. Etter kvart vart også orientering ein viktig idrett i laget. Idrettslaget eig og driv grasbane og idrettshus. Grasbana stod ferdig kring 1970. Idrettshuset stod ferdig og blei innvia i juli 1980.

Norddalsfjord Idrettslag står for trening for ulike aldersgrupper i skulen om vinteren og på grasbana på Moane om sommaren. Dette er varierte treningar der ein freistar å vere innom fleire idrettar i løpet av sesongen. Om vinteren vert det arrangert skiløp når snø og vêrforhold tillèt det. Utforløpet frå Midtbønipa er ein gammal tradisjon.

Romjulsmarsjen er årviss. Då møter ein i idrettshuset for registrering og går ei minstestrekning på vel 4 km. Omlag halvvegs har nissane laga bål og serverer varm suppe. Medaljar til barna dersom det er ønskjeleg. Dette er eit populært og sosialt arrangement, og mange utflytta norddalsfjordingar kjem heim for å delta her.

Tilstellingar som NIL står for er påskefesten, jonsokmoro og romjulsmoro. Påskefesten har påskenøtter og lett servering. Jonsokmoro er den 24. juni og vert feira med servering av rømmegraut og bålbrenning. Romjulsmoro er same dagen som romjulsmarsjen med utdeling av medaljar og besøk av nissen.

Laget deltek også kvart år på sommarfesten i Norddalsfjord ved at ein arrangerer fotballkamp mellom innbyggjarar frå den vestlegaste delen og den austlegaste delen av Norddalsfjord.

Det er mogeleg å leige idrettshuset til private arrangement som konfirmasjon, bursdagslag, gravferd, bryllaup og liknande. Idrettshuset har god parkeringsplass på framsida, kjøkken med moderne oppvaskmaskin, ein sal som kan delast av og eigen utgang til uteområde og leikeplass på baksida.

Norddalsfjord Sanitetslag

Norddalsfjord Sanitetslag vart lagt ned i 2026.

Norddalsfjord Sanitetslag vart stifta 29. november 1945 av Laura Sundal Skorpen. Første leiar, eller formann som det då heitte, var Sofia Steinhovden. Vi er ei lokalforeining iNorske Kvinners Sanitetsforening. N.K.S. vart stifta i 1896 og har folkehelse som si hovudoppgåve.

Aktivitetane i laget: Saniteten arrangerer sanitetsbasar på hausten. Her er det sal av kaker og lotteri, og denne basaren er svært populær. Gevinstane til lotteriet er stort sett handarbeid som medlemmane sjølve har laga. Utover dette deltek vi på arrangement i Norddalsfjord saman med andre lag. Døme kan vere sommarfesten, jonsokmoro, korkafé eller open gard. Elles har Saniteten tradisjonelt vore ein av støttespelarane i sorg og glede, og stilt opp når folk har behov for hjelp, omtanke og omsorg i nærmiljøet.

Norddalsfjord Sanitetslag arrangerer også utflukt med buss for dei som har lyst til å vere med. Som regel er det dagsturar i nærområdet, men enkelte av desse turane har vore med overnatting. Målet med desse turane er sosial hygge og nytte. Vi har også hatt julebord for våre medlemmar, gjerne i samarbeid med andre sanitetslag i området.

Laget og bygda: Norddalsfjord Sanitet er ein trufast lokalsponsor. Vi har saman med andre lag vore med på å ruste opp kjøkkenet i skulebygget slik at det er funksjonelt og fint. Vi har gjort mange innkjøp av utstyr, som til dømes dukar, dekketøy, bestikk, bord og stolar. Dette leiger vi ut til ulike arrangement.

Vi arbeider for å utvikle lokalsamfunnet med midlar som vi sjølve samlar inn. Det er stadig noko dugnadsarbeid som treng hjelp enten økonomisk eller praktisk, og Saniteten bidreg gjerne.

Norddalsfjord Skyttarlag

Norddalsfjord Skyttarlag vart stifta 1885 av lærar J. Kirkhorn, og han var formann til 1890. Laget starta opp igjen i 1896 med 18 medlemmer og 8 rifler. Talet på medlemmar minka og laget var borte i 1926 og 1927, men var godt i gang igjen i 1928 med 24 medlemmer og 8 rifler. Og sidan då har laget vore aktivt, med eit opphald frå 1940 til 1945. Laget har i dag omtrent 150 aktive medlemmar.

Vi har eiga skytebane ved austenden av Midtbøvatnet. På skytebaneområdet er det ei 100-metersbane med 6 tvillingskiver. Desse tvillingskivene har skivetrekk, slik at vi kan trekke skivene inn til standplass. Tvillingskivene kan bytast ut med hjorteskiver etter behov, slik at 9 personar kan skyte samstundes. Det er omlag 150 personar som skyt hjorteprøva hos oss kvart år. Vi har også ei 300-metersbane med 6 skiver som blir brukt til dugleiksmerke og andre konkurransar.

I idrettshuset på Midtbø har vi ei innandørs skytebane. Den vert nytta til miniatyrskyting om fredagskveldane om vinteren. Det er utlån av skytevåpen og sal av ammunisjon. Barn frå 6 år og oppover og vaksne kan møte opp. Av og til er det trening, andre gonger pokalskyting. I pokalkampen er det dei to beste av fire skytingar som er teljande, og skyttarane vert delte inn i klassar etter alder.

Vi deltek kvart år på sommarfesten i Norddalsfjord. Då er det ope på skytebana utandørs og alle som ønskjer kan komme for å prøve å treffe blink.

Norddalsfjord Storvald

Det er i alt 37 vald i kommunen. Av desse er Norddalsfjord Storvald det største med eit areal på over 170 432 dekar og eit uttak av 310 dyr. Valdet strekker seg frå Grøndalen i aust og inkluderer øyane Kinn, Reksta og Furesund vest for Florø. Les meir på jaktsida.

Regndalen 4H

Norddalsfjord fekk eigen 4H-klubb i 1994 med Laila Tvinnereim Otnes som initiativtakar. Klubben vart kalla Regndalen 4H etter at det i januar 1989 vart sett nedbørsrekord i Grøndalen med 1190 millimeter nedbør på ein månad. I Regndalen 4H kan ein starte som miniaspirant når ein tek til i 3. klasse. Aspirant er frå 10–12 år, junior er frå 12–14 år og senior frå 15–18 år. Volleyball er idretten til 4H, så vi freistar å avslutte kvart medlemsmøte med å spele volleyball. Les meir på 4H.no ellerWikipedia.

I 4H skal ein «lære ved å gjere». Medlemmane vel ei oppgåve dei skal arbeide med i eit år før ho vert stilt ut for godkjenning på haustfesten. Det vert stilt krav til både praktisk og teoretisk arbeid. Ein må setje opp avtale og arbeidsplan for året, juniorar må lage rekneskap og seniorar må i tillegg lage budsjett. 4H har mange ferdige prosjekthefte med ulike tema. Regndalen 4H har dei siste åra hatt klubbprosjekt, slik at alle medlemmane samarbeider om ei oppgåve. Døme på klubbprosjekt vi har hatt er «Aktivitet og samhald» eller «Friluftsliv».

4H driv med demokratiopplæring i praksis ved at medlemmane sit i styret med alle styreverv. Medlemmane skriv referat frå møte, lagar årsplan og budsjett og detaljplanlegg dei ulike aktivitetane. Dei vaksne er med som klubbrådgjevarar, og har ikkje røysterett.

Dei fire H-ane står for hovud, hjarte, hender og helse, og 4H-lovnaden er slik:Vi lovar å arbeide mot det mål å verte ein ungdom med: klårt Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender, og ei god Helse.

Regndalen 4H deltek kvart år på sommarfesten i Norddalsfjord, der vi arrangerer natursti og rebusløp. Saman med dei andre 4H-klubbane i kommunen deltek vi på Kystdagen i Florø i september. Andre årlege arrangement er 4H-kafé i mai og haustfest i oktober. Vi har vore med på å lage til badeplass med grill ved sjøen på Nordal og rydding av kvileplass på stølsvegen til Midtbøstøylen.

4H er sosialt, aktivt, lærerikt – og du bestemmer!

Har du lyst til å bli med i Regndalen 4H? Ta kontakt med klubbrådgjevar Liss Maiken Myhre. Vi har plass til alle!