Denne sida vert ikkje lenger oppdatert. Nye arrangement vert kunngjorde i Facebook-gruppa «Vener av Norddalsfjorden». Innlegga under står att som eit arkiv over bygdelivet 2014–2020.

  1. 2020

    1. 04.07.2020

      Sommardans med Gunslingers

      Set av 4. juli 2020 når Gunslingers kjem til Norddalsfjord!

      Heimhug Ungdomslag fortset tradisjonen med årets sommardans og i 2020 kjem Gunslingers for å spele opp til dans. Det blir utekonsert (med telt, ingen bekymring for dårleg vêr) og vi ynskjer alle velkomne! Det blir sal av mat og drikke med og utan alkohol i kiosken. Til denne helga vil vi lage til både utvida parkering og campingplassar med straum. Når dansen er ferdig vil det gå buss til Florø og Eikefjord, med eventuelle stopp på vegen. Bussbillett blir selt saman med konsertbillettane.

  2. 2019

    1. 06.07.2019

      Sommardans med Byting

      Sett av 6. juli når Byting kjem til Norddalsfjord!

      Heimhug Ungdomslag fortset tradisjonen med årets sommardans. Til sommaren igjen er det Byting som skal spele opp til dans med Romklang som oppvarming, noko vi ser veldig fram til. Det blir duka for utekonsert (med telt, ingen bekymring for dårleg vêr) og vi ynskjer alle velkomne!

      Byting er eit band frå Telemark som vart starta opp i mars 2013, og har etter den tid opparbeidd seg ei stor fanskare rundt om i landet. Bandet spelar musikk i ein særeigen sjanger som kanskje minner aller mest om folk-rock eller country-rock. Alle låtane handlar om realitetar på godt og vondt. All musikk og tekst er sjølvlaga, basert på ekte, sjølvopplevde eller gjenfortalde historier.

    2. 18.04.2019

      Påskedans i Norddalsfjord

      I tradisjonen tru inviterer Heimhug Ungdomslag til påskedans skjærtorsdag på Solheim skule i Norddalsfjord. I år spelar Tore Leiren opp til dans!

      Sal av alkohol, alkoholfritt og mat i kiosken. Medbrakt er ikkje tillate. Aldersgrense: konfirmasjonsalder. CC: 100,-. Vi tek kortbetaling. Alle rettigheiter.

  3. 2018

    1. 09.09.2018

      Sanitetsfest/basar

      Norddalsfjord Sanitet skal ha den årlege basaren søndag 9. september kl. 14 på Solheim skule. Vel møtt!

    2. 07.07.2018

      Sommardans med Rotlaus

      Sett av 7. juli 2018 når Rotlaus kjem til Norddalsfjord!

      Heimhug Ungdomslag følgjer opp suksessen frå 2017 og har skrive kontrakt med Rotlaus for sommardansen 2018.

    3. 17.05.2018

      17. mai 2018

      Program for dagen: 08:00 flaggheising, 11:45 oppstilling til tog, 12:00 17. mai-toget startar, 13:15 tale for dagen av ordførar Ola Teigen. Middag – betasuppe, kaffi og kaker, leikar og konkurransar for barn og vaksne, premieutdeling.

      Pris: vaksne over 16 år kr 150, born 6–16 år kr 50. Alle er hjarteleg velkomne!

    4. 13.01.2018

      Velkomen til juletrefest

      Velkomen til juletrefest på Solheim skule laurdag 13. januar kl. 14:00–16:00.

      Ta med godt humør og kom og sjå eit lite program som skuleelevane og barnehageborna har laga. Det vert juletregang, kaffi, julekaker og brus/saft. Kanskje kjem nissen med noko godt?

      Helsing Solheim skule og barnehage.

  4. 2017

    1. 29.12.2017

      Romjulsmarsj og romjulsmoro

      Fredag 29.12.2017 inviterer Norddalsfjord Idrettslag til romjulsmarsj frå klokka 14.00–17.00. Trim av litt juleflesk på den 5 km lange marsjen frå idrettshuset til Solheim og attende. Det vert betasuppe frå spann i Mørkhola servert av ekte nissar.

      Klokka 20.00 vert det romjulsmoro i idrettshuset. Mat, prat, song, konkurransar og utlodding. Kanskje kjem nissen på eit besøk der òg.

      Med helsing Norddalsfjord IL.

    2. 08.10.2017

      4H-haustfest

      Velkomen til haustfesten til Regndalen 4H søndag 8. oktober kl. 14:00 i idrettshuset. Det blir utstilling og vurdering av oppgåva vår, som i år har vore «Friluftsliv». Kaker og kaffi. Gratis inngang. Vel møtt! 😀

    3. 10.09.2017

      Sanitetsfest/basar

      Norddalsfjord Sanitetslag held sanitetsfest/basar. Stad: Solheim skule i Norddalsfjord. Tid: søndag 10.09.2017 kl. 14.00.

      Program: besøk av den nye fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Sanitetsforening samt leiaren i Florø Sanitetsforening. Lodd – åresal – masse fine gevinstar. Servering av kaffi og kaker.

      Alle er hjarteleg velkomne til ein triveleg søndag ettermiddag med sosialt samvær.

    4. 27.08.2017

      Open gard

      Det blir open gard i Norddalsfjord søndag 27. august kl. 12 hos Stig Asle Midtbø og Ann Helen Solvang og Bjørn Tore Erstad Sundal på Midtbø.

      Arrangementet er gratis og det blir sett opp skilting. Det blir dyreutstilling, riding på hest og ponni og natursti. Sal av grillmat, sveler og kaffi.

      PS: Vi har ikkje kortterminal. Kun kontantar.

    5. 01.07.2017

      Sommardans med Vestlandsfanden

      Sett av 1. juli 2017 når Vestlandsfanden kjem til Norddalsfjord!

      Heimhug Ungdomslag fortset tradisjonen med årets sommardans. Til sommaren igjen er det Vestlandsfanden som skal spele opp til dans, noko vi ser veldig fram til. Denne gongen blir det duka for utekonsert (med telt, ingen bekymring for dårleg vêr) og vi ynskjer alle velkomne!

      Vestlandsfanden er ei norsk folk-rock-gruppe som har hatt mange topp-plasseringar på Norsktoppen. Vestlandsfanden vert sett på som eit veldig hardtarbeidande band og har vore på ein «evigvarande» turné sidan starten. Vi gler oss veldig over at dei vil ta turen til Norddalsfjord og spele for oss. Romklang vil starte kvelden, før Vestlandsfanden vil fortsette.

      Det blir sal av mat og drikke med og utan alkohol i kiosken. Til denne helga vil vi lage til både campingplassar med straum og båtplassar i tillegg til utvida parkering, dette vil sjølvsagt vere gratis.

      Når dansen er ferdig vil det gå buss til Florø og Eikefjord/Førde, med eventuelle stopp på vegen. Pris for dans utan buss: 300,-. Med buss til Florø: 400,-. Med buss til Førde: 450,-.

    6. 01.07.2017

      Sommarfest i Norddalsfjord

      Laurdag 1. juli blir det sommarfest i Norddalsfjord.

    7. 23.06.2017

      Jonsokmoro på Moane

      Jonsokmoro på Moane klokka 20:00. Sal av rømmegraut og spekemat, konkurransar for store og små. Stort bål! Kom og sjå 🙂

    8. 17.05.2017

      17. mai 2017

      08:00 flaggheising, 11:45 oppstilling til tog, 12:00 17. mai-toget startar. Program for dagen: Svend Arne Vee, middag, kaffi og kaker, leikar for barn og vaksne, kiosk.

      Pris: vaksne over 16 år kr 150, born 6–16 år kr 50. Alle er hjarteleg velkomne!

    9. 07.05.2017

      4H-kafé

      4H-kafé i idrettshuset frå kl. 14 til 17. Vel møtt! 😀

  5. 2016

    1. 27.12.2016

      Nyttårsdans i Norddalsfjord

      Laurdag 27. desember kl. 22 spelar Tore Leiren opp til dans i Norddalsfjorden.

      Sal av alkohol, alkoholfritt og mat i kiosken. Medbrakt er ikkje tillate. Aldersgrense: konfirmasjonsalder. CC 100,- 🙂

    2. 17.05.2016

      17. mai 2016

      08:00 flaggheising, 11:45 oppstilling til tog, 12:00 17. mai-toget startar. Program for dagen: tale v/Solveig Willis, middag, kaffi og kaker, leikar for barn og vaksne, kiosk.

      Pris: vaksne over 16 år kr 150, born 6–16 år kr 50. Alle er hjarteleg velkomne!

    3. 23.04.2016

      Påskefest i idrettshuset

      Norddalsfjord Idrettslag sin tradisjonelle påskefest i idrettshuset klokka 20. Vel møtt!

    4. 22.01.2016

      Årsmøte i Norddalsfjord Grendelag

      Saksliste: godkjenning av innkalling og saksliste, val av møteleiar, val av to til å skrive under møteboka saman med møteleiar, årsmelding, orientering om grendelaget sine planar når det gjeld tilrettelegging for sal av hustomter, rekneskap, innkomne saker, val.

      Det blir enkel servering. Alle er velkomne, vel møtt. Helsing styret i Norddalsfjord Grendelag.

    5. 09.01.2016

      Velkomen til juletrefest

      Det gler oss stort å invitere grenda til juletrefest ved Solheim skule. Song, juletregong, spel, kaffi og kaker står på programmet! Vi vonar å sjå deg og dine der, når vi med sosialt samvær og god stemning møtast på juletrefest!

      Program: velkomen v/Robert Steindal, underhaldning, felles song av barnehage og skule, BliMe-dansen, barnehagen syng for oss, skulen framfører sitt spel, kaffi og julekake, felles gang og song rundt juletreet, kanskje kjem nissen… Vel møtt, helsing tilsette og FAU ved Solheim skule og barnehage!

  6. 2015

    1. 27.12.2015

      Romjulsmarsj

      Nissane er på plass i Ura med nissesuppe.

      Romjulsmoro på idrettshuset klokka 20.00. Her blir det mat, kaffi, utlodding, julenøtter og sikkert besøk av nissane. Alle er velkomne.

    2. 04.07.2015

      Sommardans med Bjarte Lunde

      Laurdag 4. juli spelar Bjarte Lunde opp til dans i Norddalsfjord. Aldersgrense: konfirmasjonsalder. Alle rettigheiter. Diverse sal i kiosken. CC 100,-. Vel møtt!

      PS: Ikkje gløym sommarfesten på Moane på dagtid! 11:30 «opnar dørene», 13:00 Pål Anders Ullevålseter held show, 14:30 fotballkamp for 1.–8. klasse, 15:30 fotballkamp for dei vaksne med blanda lag. Elles blir det forskjellige aktivitetar for både store og små, deriblant natursti, paintball, miniatyrskyting, øksekast, veterantraktorutstilling og leikar for dei minste. Det blir også sal av grillmat og diverse i kiosken.

    3. 23.06.2015

      Jonsokmoro på Moane

      Jonsokmoro på Moane klokka 20:00. Sal av rømmegraut og spekemat, konkurransar for store og små. Stort bål! Kom og sjå 🙂

    4. 17.01.2015

      Juletrefest

      Det blir juletrefest på Solheim skule og barnehage laurdag 17. januar. 50 kr i inngangsbillett for vaksne over 16 år.

  7. 2014

    1. 29.12.2014

      Romjulsmarsj

      Det blir romjulsmarsj måndag 29.12. Start frå idrettshuset kl. 14–17. Romjulsmoro med nissebesøk, julenøtter, loddsal med meir kl. 20.

    2. 27.12.2014

      Nyttårsdans i Norddalsfjord

      Laurdag 27. desember spelar Tore Leiren opp til dans i Norddalsfjorden. Aldersgrense: konfirmasjonsalder / 2000-modellen. Alle rettigheiter. Diverse sal i kiosken. CC 100,-. Vel møtt!

    3. 30.11.2014

      Julemesse på Solheim skule

      Klokka 13:00–17:00. Mange utstillarar tek turen til Norddalsfjorden og gler seg til å vise fram mykje fine varer. Ta turen innom for ein god handel eller berre for å treffe kjentfolk i kafeen med sal av kaffi, kaker og brus.

    4. 27.11.2014

      Årsmøte i Norddalsfjord Grendelag og avduking av Fessene

      Er det mange som hugsar Nordalskaféen og måleriet av Fessene? Vi har fått låne måleriet frå Sparebanken Sogn og Fjordane og ønskjer å henge det på skulen. Ole Aukland frå banken blir med på avduking. Magnus Helge Torvanger, som nett er komen ut med bok om kunstmålaren «Seim», kjem for å fortelje og vise lysbilete. Det vert òg høve til å kjøpe signert bok. Mat og kaffi vert servert.

      Deretter startar årsmøtet ca. kl. 21. Vanlege årsmøtesaker, rekneskap og val. Det er høve til å ta opp saker på årsmøtet.

    5. 10.09.2014

      Grendamøte på skulen

      Det blir grendamøte på Solheim skule onsdag 10. september kl. 20. I samband med at kommunen i løpet av 2014 skulle gi nye vegnamn til dei adressene som ikkje hadde husnummer, bad dei Norddalsfjord Grendelag om innspel og forslag til vegnamn.

    6. 07.09.2014

      Sanitetsbasar

      Sanitetsbasar på skulen i Norddalsfjorden søndag 07.09.2014 kl. 14.00. Flotte gevinstar og gode kaker.

    7. 05.07.2014

      Sommarfest i Norddalsfjord

      Laurdag 5. juli vert det sommarfest i Norddalsfjord med aktivitetar på dagtid og dans om kvelden. Frå kl. 11 til 12 vert det fotballkamp for dei frå 1. til 8. klasse. Vi deler bygda i to og spelar 2 kampar med blanda lag, 1.–4. klasse og 5.–8. klasse.

      Dei andre aktivitetane startar kl. 12. Her blir det hesteskokasting, natursti med miniatyrskyting, øksekast, hinderløp for dei minste og sal av grillmat og kaffi frå kl. 12.

      Klokka 15:00 startar fotballkamp Midtbø–Solheim. Vi køyrer med blanda lag etter gode erfaringar frå tidlegare.