Norddalsfjord ligg i himmelretninga aust–vest. Lengst vest ligg Klauvene, deretter følgjer Haukå, Nordal, Solheim, Midtbø og Sundal før ein kjem til Grøndalen lengst aust. Dette er ei strekning på 30 km. Frå Norddalsfjord er det omlag 30 minutt med bil til Florø sentrum, 40 minutt til Svelgen og 45 minutt til Førde.
Det er to fjordar i Noreg som heiter Norddalsfjord, ein på Sunnmøre og vår fjord i nærleiken av Florø. Sjølv om dalen frå gamalt av heitte Nordal nyttar ein no namnet Norddalsfjord om både fjorden og bygda. Lokalhistorikar Bjarte Sindre seier det kan vere to opphav til namnet Nordal. På gammalnorsk er substantivet nór som tyder trongt sund eller farvatn. Meininga blir då dalen opp frå den tronge innseglinga til fjordbotnen. Men namnet kan like gjerne komme av adjektivet nǫrr som tyder trong. Namnet blir då den tronge dalen, seier Sindre.

Her bur omlag 180 personar i alle aldrar. Vi har kommunal skule og barnehage på Solheim. Skulebygget er òg samlingspunkt for det meste av aktiviteten i bygda. Her er mange aktive lag og organisasjonar. Idrettslaget har eige idrettsanlegg med grasbane og klubbhus, skyttarlaget har eiga skytebane og ungdomslaget har sitt eige rom i skulebygget.

Kunsten å leve sitt eige liv!
Solheimsvassdraget strekkjer seg gjennom bygda og byr på både laksefiske og ferskvassfiske. I fjorden er det også rikeleg med fiskemogelegheiter. Det er ein kort båttur frå Norddalsfjord til Florø og øyane utanfor. Det er mange fotturar i skog og mark å velje mellom, både familievennlege turar og meir krevjande turar med Ålfotbreen i enden. Ålfotbreen er den vestlegaste breen i landet, og Grøndalen er eit godt utgangspunkt om ein vil gå på breen.
Dalen har rike tradisjonar for hjortejakt og det blir felt ca. 185 dyr kvart år. Jaktfelta i bygda er organiserte i Norddalsfjord Storvald. Utanom hjortejakt er her også mogelegheiter for fuglejakt.
Følg Norddalsfjord på Facebook, bli med i gruppa«Vener av Norddalsfjorden»!
Solheim skule og barnehage
Skulen
Solheim skule og barnehage ligg omtrent midt i bygda. Den vart bygd i 1980 og er ein velhalden skulebygning. Uteområdet er stort og variert med ballbinge, båt, grillhytte, skaterampe, skogsområde og ein tradisjonell leikeplass.

Skulen i Norddalsfjord er ein liten skule med elevar frå 1.–7. klasse. Skulen er fådelt slik at fleire årstrinn får undervisning saman. Elevane er delte opp i to hovudgrupper, 1.–4. trinn og 5.–7. trinn. I samarbeid med foreldra har ein valt å ha lengre skuledagar mot at elevane frå 1.–4. klasse har ein fridag i veka.
I enkelte fag vil alle elevane ha undervisning saman. Denne aldersblandinga trur vi vil utvikle den sosiale og faglege kompetansen til barna. Er du usikker på om du ønskjer at barna dine skal gå på ein fådelt skule? I følgje Utdanningsforbundet gir mindre klassar større mogelegheit for meir individuelt tilpassa opplæring, eit meir variert undervisningsopplegg, betre klasseromskontroll og meir tid for læraren til å vurdere eleven sitt læringsarbeid og til å planlegge undervisninga.
Postadresse: Norddalsfjord, 6910 Florø
Tlf: 57 74 83 00
E-post: Solheim.skule@flora.kommune.no
Barnehagen
Barnehagen er ein kommunal barnehage med barn frå 0–6 år, der barna går i ei blanda gruppe. Opningstid: 07:00–16:30. På nettsidene til Kinn kommune finn du informasjon om gebyr og fridagar. Her kan du også søkje barnehageplass.
SFO
Barna har mogelegheit til å vere i SFO i barnehagen si opningstid. SFO vil då fungere som ei samordning med barnehagen.
Næringsliv
Norddalsfjord er ei velstelt jordbruksbygd. Her er også fleire minikraftverk og to settefiskanlegg. Mange pendlar til dei næraste tettstadane for arbeid.
Jordbruk
Norddalsfjord Bondelag er eit av tre lag i kommunen. Våre gardar driv for det meste med mjølkeproduksjon og produksjon av sauekjøt og svinekjøt. Fleire av gardane har blitt påbygde og oppgraderte med nye driftsbygningar i den seinare tid. I Norddalsfjord er det omtrent 15 gardsbruk som er i drift.

Marine Harvest avdeling Haukå
I Haukå ligg eit av Marine Harvest Norway AS (no Mowi) sine smolt- og yngelanlegg. Marine Harvest Norway har anlegg langs heile norskekysten frå Agder til Nordland og driv i heile verdikjeda frå stamfisk, rogn, matfisk, foredling og distribusjon til sal. Marine Harvest er Noregs største oppdrettsselskap med 25 prosent av den totale lakseproduksjonen i landet og hovudkontoret ligg i Bergen. Anlegget i Haukå vart starta tidleg på 1980-talet. Der er produksjon av både smolt og yngel som blir levert til Marine Harvest sine anlegg rundt om i Noreg, samt ein del til eksterne anlegg.

Firda Settefisk
I 1986 starta Ola Braanaas eit smoltanlegg på Nordal i Norddalsfjord og kalla dette Firda Settefisk. I 1993 kjøpte han Botnane Fiskeoppdrett, og dette vart byrjinga på Firda-gruppa som etter kvart har vakse seg til eit stort selskap med omtrent 90 tilsette. Med hovudkontor på Byrknesøy eksporterer Firda Seafood laks og aure på verdsbasis. Anlegget på Nordal har omlag 20 tilsette og produserer framleis smolt og yngel av både laks og aure. Denne blir levert til interne og eksterne anlegg rundt om i landet.

Hogg og Belegg AS
Selskapet vart oppretta i 2006 av Sigbjørn Solheim og Stig Asle Midtbø. Det er eit selskap som driv med leigekøyring med traktor som snørydding, kantslått, felling og rydding av skog.
Jarl Solheim Transport
Dette er eit enkeltmannsføretak som vart stifta i 1991 og er registrert under bransjen transport og tek oppdrag som vegbygging, planering og opparbeiding av ulike tomter og snøbrøyting av vegar.
Norddalsfjordbrua
I 1987 stod Norddalsfjordbrua ferdig som siste biten i vegsambandet mellom Flora og Bremanger. Arbeidet tok til 1. august 1985 og brua var ferdig til 30. januar 1987. Brua er 404 m lang og 8 m brei, med 2 m fortau. Bruspennet er på 230,5 m, det lengste av denne typen i Europa då brua vart opna. Ferja over Norddalsfjorden mellom Haukå og Bjørnset kunne innstillast etter over 21 års drift.
Heilt sidan vegen over Magnhildskaret stod ferdig i 1965 hadde det vore ein føresetnad med bru over Norddalsfjord. Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i 1975 å byggje brua. Eit vegprosjekt som låg i hard tevling med Norddalsfjordbrua var Dalsfjordbrua. I oktober 1980 vart det sendt utsendingar til Stortinget for å arbeide for løyvingar til Norddalsfjordbrua, og til støtte for desse vart det arrangert streikeaksjon der omlag 600 personar frå Svelgen og 100 personar frå Norddalsfjord deltok. Saka enda med at Dalsfjordbrua vart lagt til sides, medan Norddalsfjordbrua vann fram.