Fiske

Norddalsfjord har fleire fiskevatn som ligg langs vegen opp igjennom bygda. I tillegg er det fleire små og store fjellvatn som byr på fin aure. I ytre del av bygda kan ei òg fiske i fjorden.

Norddalsfjord har fleire fiskevatn som ligg langs vegen opp igjennom bygda. I tillegg er det fleire små og store fjellvatn som by på fin aure. I ytre del av bygda kan ei òg fiske i fjorden etter vanlege sortar som makrell, pale, torsk og lyr.

Norddalsfjord kart

Fiske i ferskvatn

Fiskevatn ligg som perlar på ei snor opp gjennom bygda. I fjella rundt er det også mange fiskevatn. Etter kjøp av fiskekort kan ein fiske i alle vatna. Det er kun sett restriksjoner for fiske frå innmark. Det skal avtalast med grunneigar om ein ønskjer å fiske langs innmark.

Det er også mogeleg å leige båt. Kvar det er båter, får ein opplyst om frå der dei sel fiskekort. Det er påbudt med redningsvest. Laget har redningsvester til leige. Det er og mogeleg å fiske med garn. Garnfisket skal KUN utførast med laget sine garn. Årsaka er at ein ønskjer kontroll med dette fisket.

Båt på Vassenden i Sundalsvatnet

Den fineste opplevelsen får du kanskje om og tek deg ein rotur på Solheimsvatnet eller Furnesvatnet ein fin sommerkveld med eit snøre ute. Ein kan få oppleve dyreliv og natur, og kunne inhalere den roa og stemninga som du opplever der og då.

Fiskekort

Du kan også kjøpe fiskekort via SMS eller direkte på inatur.no

Fiskekort

Pris 50 kr pr. døgn, 85 kr pr. veke og 260 kr pr. år. Dei som er under 16 år fisker gratis.

Laksefiske

Elvane Nordalselva, Gruvleelva og Lakselva er ikkje med i fiskekortordninga. For desse elvane er det eigne kort og utleigeordningar. Sjøfiske i Norddalsfjord kan utførast heile året. Her kan du gjere verkeleg storfangst av torsk, sei, makrell og sjøaure. Norddalsfjorden er mest kjent for Solheimselva der det leigast ut laksefiske.

Laksefiske i Solheimselva

Solheimselva

Solheimselva ligg idyllisk plassert innst i Norddalsfjorden. Der samlar det seg store mengder rømt laks og regnbogeaure. Men siste sesong var veldig bra på vill-laks, så her er det store mogelegheitar for å få fisk i denne elva. Elva er delt opp i 4 soner. Sone 1 og 2 er sjølve elva og sone 3 og 4 går ut mot sjøen.

Fiske i saltvatn

I fjorden er det fritt fiske med unntak av elvemunningane. Det er populært å fiske frå den gamle fergekaia på Nordal. Om sommaren kan ein få mykje makrell. I periodar på vinteren legg det seg is på den innste delen av fjorden, og då er det mogeleg å freiste isfisket. Det er tatt Lange oppunder 40 kg i fjoden. Kven veit om det ligg endå større fisk og lurar?